Chèvre

- mild og rund smak, kremete konsistens -

Chèvre er ein modna ferskost som kan samanliknast med Picodon. Mjølka som blir brukt, er upasteurisert og syrna med vår eigenutvikla gardskultur. Osten modnast i 10 dagar, men kan òg modnast vidare etter ynskje. Den naturlege skorpa består av mjølkesoppen Geotrichum candidum.

Cèvren kan nytast på mange måtar:

  • På ostefat eller som pålegg.
  • Ovnsbakt med rødbete og valnøtt.
  • Steikt i panne med honning, rosmarin og servert i salat.
  • På grønnsaksgrateng, pizza eller i ein klassisk tarte au chèvre.
  • . . .  

Smaken er mild, men utviklar seg med modninga og gir mange spennande bruksområde.

Kremost

- fin smak, mjuk og fluffy konsistens -

Kremosten har ein fin smak og ein mjuk, fluffy konsistens. Han er laga av pasteurisert mjølk og finst i fleire smaksvariantar.

Kremost naturell er lett salta og passar perfekt både på brødskiva og som ingrediens i dessertar og kaker. Smaksvariantane Grasløk, Tomat-Urter frå Provence og Karri-Daddel er utmerkte som pålegg på ferskt brød, men gjev òg ein fantastisk smak til varme rettar.