Grønsaker

- fersk og rein, kortreist -

Grønsakene våre blir dyrka etter marknadshageprinsippet, ein småskala og intensiv dyrkingsmetode som er berekraftig og ressursvenleg. Dette konseptet legg vekt på å bruke små areal effektivt, med fokus på friske vekstar av høg kvalitet. Med handarbeid og naturleg gjødsling blir jorda behandla skånsamt, noko som fremjar god jordhelse og biologisk mangfald.

Denne driftsmåten gjev oss moglegheit til å produsere eit variert utval grønsaker, som ulike salatar, løk, vårløk, kvitløk, reddikar, agurk, raudbeter, gulbeter, sukkererter, squash og små graskar. Vi sel grønsakene direkte frå garden og av og til via Rekoring, slik at kundane får ferske, lokalproduserte varer rett frå oss.