Egg vert selde i sommarhalvåret, rett frå garden, og vi jobbar med å utvide tilbodet.
Hønene våre lever eit fritt og naturleg liv året rundt. Dei beitar og utforskar området rundt garden, men går til ro i hønsehuset om natta. Hønene finn stadig nye favorittplassar der dei legg egga sine, og av og til forsvinn ei høne – berre for å dukke opp att etter 21 dagar med nokre små kyllingar på slep. Dette gir oss både eit unikt innblikk i naturen og ei glede over å sjå dyra trivst i sitt naturlege miljø.